Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen arbeider vidare med forslaget om trafikktryggingstiltak langs fylkesveg 661 i Vestnes. Forslag til reguleringsplan kjem på høyring til hausten. Etter at reguleringsplanen er lagt ut blir det også eit nytt folkemøte.

Involverer barn i planlegginga
Vegvesenet har blant anna gjennomført ei barnetråkkregistrering ved Helland skule.

- Vi har involvert barna i planlegginga for å finne ut kva som er skolevegen til barna og kor dei oppheld seg etter skulen, kor dei leikar og kor dei har akebakkar, fortel Asta Krattebøl, planprosjektansvarlig i Statens vegvesen.

Elever ved femte og niande klasse, i tillegg til elever som bor i det aktuelle området, fekk bli med på planlegginga.

- Bevegelsesmønsteret til barn er veldig forskjellig frå vaksne. Vi ønsker å finne ut om det er konflikt mellom planane våre og dei områdane som barna liker, fortel Asta Krattebøl.

Barna blei spurt om kor dei føler seg trygg, og kor dei ikkje føler seg trygg.

- Det er viktig for oss å finne ut om det er områder dei oppheld seg som vi ikkje er klar over, fortsetter Asta Krattebøl.

Ei betre løysing
Det har kome inn nokre innspel om korleis avkøyrslane bør samlast og sanerast.

- Ut i frå forslaga har vi kome fram til ei betre løysing, konstatera Asta Krattebøl.

Etter påske besøkte Vegvesenet fleire grunneigarar og presenterte forslaget.

- No skal vi vurdere dei nye innspela vi har fått frå grunneigarane. Det er viktig å sjå heilheta og finne ei løysing som er best for flest mogleg. Samtidig vil det være muligheit for vidare innverknad når planen leggast fram til høyring, fortel Asta Krattebøl.

Støy
Når det gjelder støy så ser Vegvesenet på kva for ein effekt ulike tiltak gir for å oppnå dei måla som er satt. Slik det ligg an blir det lagt opp til lokale tiltak for bygnadane som har støy over dei fastsette måla.

- Det er først når fjordkryssinga nærmar seg realisering at det blir aktuelt å bygge tiltaka som vi regulerer for. Det same gjeld utarbeiding av detaljerte byggeplanar, fortel prosjektleiar Harald Johnsen, som også ønsker alle som har vore involvert ein god sommar.

Fylkesveg 661
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal