Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen varslar oppstart av arbeid med kommunedelplan for ny E39/ E136 på strekninga frå Brusdalen fram til kommunegrensa til Vestnes kommune.

Oppstart blir varsla etter plan- og bygningslova (pbl) § 11-12.

Planarbeidet skjer i samarbeid med Ålesund kommune. Statens vegvesen
utarbeider planforslaget etter reglane i pbl § 3-7 jamført med §§ 11 – 5 til 11 – 14. Vi varslar no oppstart av planarbeidet, med ein frist for å komme med innspel. Etter denne fristen vil planprogrammet bli lagt ut til offentleg ettersyn og
sendt til offentlege høyringspartar og interesseorganisasjonar. Ålesund kommune
er planmynde og skal fastsette planprogrammet etter høyringsperioden.

Kart med streker som viser veglinjer
Plankart

Statens vegvesen ber om at du sender relevante innspel til planarbeidet i denne
innleiande fasen til:

firmapost@vegvesen.no eller Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605
Lillehammer. Merk sendinga med «E39/E136 Digernesskiftet – Ørskogfjellet – kdp – 22/13369»

Innspel kan òg sendast på e-post til kontaktpersonane:

Planprosessen: Tone Hammer, tlf. 941 44 683, e-post: tone.hammer@vegvesen.no

Prosjektet: Harald Johnsen, tlf. 915 12 885, e-post: harald.johnsen@vegvesen.no

Fristen er 28. april 2022

Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal