Oppstart av planarbeid for deponiområder på Håland ved Figgjo
I samband med bygging av ny E39 Ålgård–Hove er det behov for deponiområder for tunnelmassar.
Varselet gjeld oppstart av planarbeid for detaljregulering av deponiområder på gnr. 28 Håland ved Figgjo
Staten vegvesen har i samarbeid med Gjesdal kommune og Sandnes kommune utarbeida reguleringsplan (detaljregulering) for ny E39 frå Ålgård (Skurve) i Gjesdal kommune til Hove i Sandnes kommune, ei strekning på 14 km. Den nye vegen vil ha to tunnelar, ein frå Limavatnet til Figgjo/Håland og ein frå Figgjo/Håland til Bråstein.
Det vil verta eit stort masseoverskot i dette vegprosjektet. Noko masse vil bli nytta i veglina, men ein stor del av massane vil bli plassert i deponi, til dels i mellomdels deponi for foredling av stein- og morenemasser og til dels i permant deponi. Alle deponi skal til slutt bli tilrettelagt for fulldyrka mark. Planområdet er vist på vedlagt kart.
Spørsmål og merknader
Har du spørsmål kan du kontakta Geir Strømstad i Staten vegvesen, tlf. 48899798, og e-post geir.stromstad@vegvesen.no.
Eventuelle merknader til oppstart av reguleringsplanarbeidet kan sendast innan 1.august 2017 til:
- Staten vegvesen, Askedalen 4, 6863 Leikanger,
eller til firmapost-vest@vegvesen.no - med kopi til: Sandnes kommune, plansjefen, postboks 583, 4305 Sandnes
eller postmottak@sandnes.kommune.no