E39 Bokn-Bømlafjorden er eit av delprosjekta under E39 Stavanger–Bergen.

I Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029 vedtok Stortinget eit langsiktig mål om ein utbetra og ferjefri E39 som gjer strekninga kortare og reduserer reisetida. Målet for strekninga er å knytte saman store næringslivsregionar og bu- og arbeidsmarknader, og gje betre føresetnad for å utvikle Norges største eksportregion til stor nytte for samfunnet.

Samfunnsmål for E39 Bokn-Bømlafjorden

Samfunnsmålet for E39 Bokn-Bømlafjorden er at Haugalandet og Sunnhordland i 2040 skal vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger- og Bergensområdet skal vere tidsmessig knytt nærare saman.

Planarbeidet for korleis strekninga skal bli på denne delen av europavegen blei utgreidd i konseptvalutgreiinga (KVU) E39 Aksdal-Bergen i 2011 med tilleggsutgreiing i 2013. Konseptvalutgreiinga (KVU) E39 Aksdal-Bergen (PDF)

Med utgangspunkt i det samt Kvalitetssikring av konseptvalget (KS1) og innspel (høyringsutsegner) frå lokale og regionale myndigheiter og interessegrupper, vedtok regjeringa konseptval og la rammer for vidare planlegging av E39 Bokn-Bømlafjorden (tidlegare Bokn-Hope) og E39 Stord-Os.

E39 Bokn–Bømlafjorden