Avgjersle om kommunal planhandsaming for E39 Bokn – Bømlafjorden
Samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet sluttar seg til forslaget om kommunal handsaming av kommunedelplan for strekninga.
Statens vegvesen sendte 04.01.23 brev til Samferdselsdepartementet og foreslo kommunal handsaming av kommunedelplanen.
Prosjektet har no fått tilbakemelding frå Vegdirektoratet om at både Samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet sluttar seg til forslaget om kommunal behandling etter pbl. § 3.7 med kommunane som planmynde.
Statens vegvesen tar sikte på å ha forslag til planprogram klar for utlegging til offentleg ettersyn i siste del av september 2023.
Kommunedelplanen er under arbeid og vert etter planen lagt på høyring i 2024. Den omfattar overordna prinsipp for den framtidige vegutbygginga. Val av endeleg vegtrasé, plassering av kryss, vegstandard, bruk og vern av areal nær vegen og byggegrenser er sentrale avklåringar som inngår i ein kommunedelplan.
Neste og siste fase i planlegginga av store vegutbyggingar er reguleringsplan. Reguleringsplanen er ei går i detaljar på det som er vedteke i kommunedelplanen. Statens vegvesen utarbeidar forslag til reguleringsplan, medan det er politikarane i dei aktuelle kommunane som til slutt vedtek planen.