E39 Byrkjelo–Grodås
Statens vegvesen har i samarbeid med kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Byrkjelo–Grodås.
Kommunedelplanen låg ute til offentleg ettersyn vinteren 18/19, og planane er no vedtekne i alle dei tre vertskommunane. Prosjektet er gått vidare til vurdering for Nasjonal transportplan.
Regjeringa vedtok i 2014 at framtidig E39 skal følgje ei indre linje i Nordfjord. Vedtaket kom som del av «KVU Skei–Ålesund», og det gir innkorting av E39 med mellom anna tunnel under Utvikfjellet, bru over indre del av Nordfjorden og veg og tunnel opp til Grodås. Der koplar ny E39 seg til Kvivsvegen nordover til Sunnmøre.
- Veg:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommunar:
- Volda, Gloppen, Stryn
- Fylke:
- Møre og Romsdal, Vestland
- Finansiering:
- Stat
Kontaktar
Sist oppdatert: