E39 Eikefet–Romarheim
Målet er å bygge ut ei effektiv, rask og sikker transportåre som kan bidra til å utvikle næringslivet langs kysten og gi befolkningen bedre levevilkår.
E39 mellom Eikefet og Romarheim har til dels svært låg standard. På grunnlag av kommunedelplan og konsekvensutgreiing vedtok kommunestyret i Lindås kommune 16.juni 2011 at ny E39 på denne parsellen skal byggjast ut etter alternativ 8 i kommundelplanen.
Dette alternativet tek til inne i eksisterande Eikefettunnel, om lag 500 m frå nordre munning. Herfrå blir det ny tunnel som munnar ut om lag 400 m ovanfor eksisterande veg i Eikefet. Vegen går ei kort daglinje i nordre del av industriområdet der den krysser Eikemovassdraget og går vidare i ein omlag 6 km lang tunnel til Romarheim. Tunnelen munnar ut om lag 400 m nord for Romarheim bru, krysser elva og koblar seg til eksisterande E39 fram til Gammelseter.
- Veg:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommunar:
- Alver
- Fylke:
- Vestland
- Lengde:
- 8400 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2014-2023
Kontaktar
Marte Hagen Eriksrud
Sakshandsamar i Alver kommune
- E-post:
Jorunn Nesheim
Grunnerverv
- E-post:
Sist oppdatert: