Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Alver kommune og Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte og «open kontordag» om planarbeidet med kommunedelplan E39 Flatøy-Eikefettunnelen.

Statens vegvesen har i oppdrag å utgreiie forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga E39 Flatøy-Eikefettunnelen. Alver kommune er planmynde.

Alver kommune og Statens vegvesen ynskjer å gje ei orientering om arbeidet som no er i gang, og kva som vil skje framover. I tillegg til ei orientering om arbeidet, vil det vere høve til å stille spørsmål til kommunen og prosjektleiinga. Informasjonsmøtet er ope for alle - følg sendinga direkte på alver.kommune.no.

Spørsmål kan sendast til: marte.hagen.eriksrud@alver.kommune.no

Praktisk informasjon:

Vi vil også invitere til ein open kontordag for dei som ønskjer eit fysisk møte. Tid og stad, samt informasjon om påmelding til kontordagen kjem på alver.kommune.no.

Aktuelt for fylke: Vestland