Bildeglimt frå veganlegget ved Sande
I midten av februar var alle som er involverte i prosjektet E39 Dregebø–Grytås og Birkeland–Sande nord samla til prosjektmøte på anleggskontoret på Sande.
I tillegg til dei som arbeider på anlegget, deltok dei som har ansvar for økonomi og prosjektering av prosjektet. Møtet starta med ei synfaring på anlegget, der prosjektleiar Svein Reidar Dale synte rundt.
Arbeidet med brudfundamenta til Sandefoss bru var godt i gang, og undergangen som fv.610 i retning Dalsfjorden skal passere under er ferdig støypt.
I bildegalleriet nedanfor får du ei statusoppdatering frå anlegget.
Aktuelt for fylke:
Vestland