Gjennomslag i Økslandstunellen
Tysdag 20. januar vart det gjennomslag i Økslandstunellen på veganlegget E39 Drægebø-Grytås i Gaular kommune.
Allereie før jul gjekk den siste ordinære tunellsalva på drivinga av tunellen frå nord. No etter nyttår har arbeidet føregått på sørenden av tunellen med forskjæringa av tunellinnslaget. Tysdag kom altså denne forskjæringa så langt at dagslyset sleppte inn i tunellen.
-Dette er ein hyggeleg milepæl i arbeidet og syner at vi er i rute med byggjinga og opprustinga av E39 gjennom Gaular, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale.
Økslandstunellen er 760 meter lang og vil, når den står ferdig, erstatte den smale og svingete vegen som i dag går langs Økslandsvatnet.
Aktuelt for fylke:
Vestland