Heldt ope møte om planane
Presentasjonar frå ope møte om planoppstart på E39 Storehaugen-Førde finn du her.
Det var ope møte på Førdehuset 15.mars i samband med oppstart av reguleringsplan for E39 Storehaugen – Førde. Om lag 40 stk. møtte. Sunnfjord kommune ved ordførar Jenny Følling og kommunaldirektør Ole John Østenstad innleia, og prosjektleiar Svein Reidar Dale og planleggingsleiar Magna Vangsnes orienterte om prosjektet og svarte på spørsmål.
Frist for innspel til oppstart av reguleringsplan er 1.april.
Presentasjonane er tilgjengeleg for nedlasting under.
Aktuelt for fylke:
Vestland, Sunnfjord