Detaljregulering E39 Liadal på høyring og offentleg ettersyn
Statens vegvesen har i samarbeid med Ørsta kommune utarbeidd framlegg til detaljregulering for E39 Liadal på ei 1,2 km strekning sør for Håvoll.
Planframlegget legg til rette for å sikre «Liadalsmuren», breiddeutvide E39 og etablere gang- og sykkelveg langs E39 austside. Det er også gjort endringar i avkøyrsler og tilrettelegging for busslommer på strekninga.
Ørsta kommune ved Formannskapet har i møte den 29.11.2022, sak 140/22, fatta vedtak om å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn.
Brev går ut til alle heimels- og rettigheitshavarar innanfor planområdet og i tilgrensande areal, samt andre høyringspartar og sektormyndigheiter. Varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §§ 3-7 og 12-10. Planen er utarbeidd etter §12-3.
Sjå planframlegget med tilhøyrande dokument som er sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 13.12.22–10.02.23.
Orienteringsmøte og kontordag
I samband med høyringa blir det eit ope orienteringsmøte i kommunestyresalen på Ørsta rådhus, tysdag 10. januar 2023 kl. 18.00.
Det blir også open kontordag på Ørsta rådhus påfølgande dag, 11. januar frå kl. 09.00. Registrering av avtalar til kontordagen gjerast ved å ta kontakt med planleggingsleiar, fortrinnsvis i samband med orienteringsmøtet den 10. januar.
Innspel og merknader
Innspel og merknader til reguleringsplanen skal vere skriftlege, merkast sak 20/23625 og sendt innan 10. februar 2023 per e-post til: firmapost@vegvesen.no eller per brev til: Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Vi gjer merksame på at innsendte merknadar ikkje blir besvart direkte, men kommentert og vurdert i plandokumenta i samband med vidare handsaming av saka.
Kontakt
Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan rettast til Satens vegvesen v/planleggingsleiar Astrid Eide Stavseng, tlf. 917 48 468, e-post astrid.stavseng@vegvesen.no eller til Ørsta kommune v/planleggar Matias Kårstad, tlf. 700 49 700, e-post matias.karstad@orsta.kommune.no.