Stort engasjement i orienteringsmøte om E39 Liadal
Den 10. januar var det orienteringsmøte i Ørsta om reguleringsplanen for E39 Liadal. Det var godt oppmøte og stort engasjement.
Frå Statens vegvesen møtte seksjonssjef Anni Kari Pedersen, planleggingsleiar Astrid Eide Stavseng, geoteknikar Hilde Landrø Fjeldheim og grunnervervar Gjermund Alfonsson Urset på møtet i Ørsta rådhus. Det var ca. 40–50 personer som møtte opp.
Merknadsfrist er 10. februar
Det var også brei representasjon frå Ørsta kommune med ordførar Stein Aam og assisterande kommunedirektør Eldar Øye i spissen.
Formålet med møtet var høyring og offentleg ettersyn av detaljreguleringsplanen, som har merknadsfrist 10. februar.
Det var orientert om både sjølve reguleringsplanen og vidare framdrift, samt om eigedom og eigedomsinnløysing.
Det var også sett av god tid til kommentarar og spørsmål frå dei som var med på orienteringsmøtet.
Ein tek sikte på å ha andre gongs behandling i Ørsta kommune første kvartal i år. Klagefrist vil bli annonsert ved kunngjering av vedtaket.
Utfordrande prosjekt
Status er at det er ei planstrekning på ca. 1,2 kilometer. E39 er svært smal på delar av strekninga (4,9 til 5,7 meter). Strekninga har ei trafikkmengde på ca. 2790 køyretøy i døgnet i snitt, der 15 prosent er lange køyretøy. Ein må også ta høgde for periodisk ferjetrafikk. Fartsgrensa er 60 km/t og 80 km/t på strekninga.
Dette er eit utfordrande prosjekt knytt til grunnforhold, geoteknikk og eit sidebratt terreng. Her er også freda kulturminne og utfordringar knytt til nærføring for eigedomar. Ein må også ta høgde for HMS og trafikkavvikling i anleggsperioden.
Målet for prosessen er å sikre eit formelt grunnlag for utbedring av det som på folkemunne blir kalla «Liadalsmuren», breiddeutvide E39 og legge til rette for gang- og sykkelveg som var ein føresetnad frå Ørsta kommune.
Det er også mål om å redusere ulykkesrisiko og sikre betre framkomst for alle trafikantgruppene, det vil seie samling og sanering av avkøyrsler og fartsgrense 80 km/t inn mot Håvoll.
Presenterte geotekniske rapportar, løysingar for gang- og sykkelveg og tal for vegstøy
I møtet blei alternativa presentert, med tilrådingar. Det er utarbeida tre geotekniske rapportar knytta til planprosessen, og hovudtrekk fra desse vart presentert.
Statens vegvesen har motteke mange innspel til løysingar for etablering av gang- og sykkelveg aust for E39. På denne strekninga gjer grunnforholda at alternativa er begrensa. Tilråding er at gang- og sykkelveg blir etablert parallelt med E39 langs austsida, på dagens vegnivå.
Det vart i møtet også presentert tal for vegstøy. Ved utbetring av eksisterande veg og bygging av gang- og sykkelveg utløyser det krav om støytiltak dersom:
- busetnad i lysegul støysone (55-60 dB) får meir enn 3 dB auke i støynivå
- busetnad i mørkegul støysone (60-65 dB) og raud støysone (over 65 dB) får meir enn 2 dB auke
- Det skal gjerast nye støyberekningar i prosjekteringsfasen
Fokus på trafikkavvikling og HMS
I orienteringsmøtet fortalte ein også om vurderingane for trafikkavvikling og HMS i anleggsperioden. Det blir krav om eitt ope køyrefelt og berre stenging i kortare periodar. Dette blir gjennomført med lysregulering og/eller trafikkdirigering/ledebil. Det er strenge krav til HMS. Det blir også viktig å sikre tilstrekkelege areal for tilkomstar til byggeområdet og for sjølve bygge- og anleggsområdet.
I møtet orienterte ein også om Halsekrysset og kollektivsituasjonen.
Ingen veg uten grunn
I eit slikte møte er naturlig at ein tek for seg status knytt til innløysing av eigedomer. Føresetnaden er lik for alle slik prosjekt – ingen veg utan grunn: Når en veg skal bygges, må Vegvesenet skaffe seg råderett over de arealer som bygging eller utviding av vegen legg beslag på.
Årsaker til innløysingsbehovet er:
- Direkte konflikt med breiddeutviding av vegarealet
- Nærføring til E39-vegen. Utfordringar med forsvarlege tilkomstar, vegtrafikkstøy og vinterdrift allereie i dag
- Vegtrafikkstøy der støyskjerming ikkje vil ha tilstrekkeleg effekt
Eventuell flytting av bebyggelsen nærare sjøen vil ikkje endre tilhøva vesentleg.
Eigedomsinngrep kan bare gjøres dersom fordelene overstiger ulempene. I møtet gikk Statens vegvesen gjennom grunnervervsprosessen og føresetnadene for ein slik prosess.
Meir informasjon
Meir informasjon om prosjektet:
Presentasjonane frå orienteringsmøtet finn du her: