Artikkelen er frå 2018, og innhaldet kan vere utdatert.

I samband med planarbeidet for E39 Liadal har vi behov for å gjere supplerande arkeologiske registreringar. Undersøkingane er planlagt gjennomført frå veke 41 og vil vare inntil 4 veker.

Meir om undersøkingane

I samband med planarbeid for prosjektet E39 Lianeset–Liadal har det også tidlegare vore gjennomført arkeologiske registreringar i regi av kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er såleis supplerande undersøkingar som skal gjerast no.

Arealet som vil bli undersøkt ligg vest for dagens E39, i tillegg til eit areal på gbnr. 5/2 nord aust i planområdet. Registreringane vil i hovudsak bli gjennomført langs vegtraseen, samt på tilgrensande areal som vil vere nødvendig for gjennomføring av prosjektet.

Grunneigarane er varsla om arbeidet.

Kontakt

Dersom du har spørsmål til undersøkingane eller viktig informasjon til oss, kan du ta kontakt med:

  • Arve Eiken Nytun, tlf. 957 07 431, , arkeolog/rådgiver i Møre og Romsdal fylkeskommune (svarer best på korleis vi skal utføre registreringane)
  • Astrid Eide Stavseng, tlf. 917 48 468,  planprosjektleiar (svarer best på generelle spørsmål om planprosjektet)
  • Arild Grønsberg, tlf. 411 03 905,  grunnervervar (svarer best på spørsmål om skader og erstatningsansvar)
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal