Er i gang med tunnelen
Entreprenøren er i gang med tunneldriving på Myrmel, og arbeidet med omkøyringsvegane pågår for fullt.
-Me er no i full drift på anlegget, og nyleg starta sjølve tunneldrivinga frå sør. Me har passert 20 meter med inndrift, og me er også godt i gang med å bygge dei midlertidige omkøyringsvegane som trafikken skal gå på medan entreprenøren bygger ny E39, seier byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen.
Fri passasje
Omkøringsvegane skal ha to køyrefelt, og dei skal vere ferdige og asfalterte til jul. Dette betyr at trafikkantane skal sleppe fritt forbi anleggsområdet, unntatt når ein må ha manuell dirigering grunna sprenging og andre operasjonar der trafikken må halde avstand frå arbeidet.
Hovudentreprenør AS Birkeland Entreprenørforretning har fått opparbeidd riggområde på sørsida av tunnelen der servicetelt for tunnelriggen er kome opp, og det er klargjort for mellomlagring og knusing av tunnelmassar. Birkeland har med seg Hirth Himle Entreprenør AS og Fosse Maskin og Transport AS på graving og masseflytting på anlegget. Norconsult er inne på prosjektering i totalentreprisen.
Tunneldriving til over sommaren
Drivinga av den ca. 1 km lange tunnelen vil ta ca. 8 - 9 månader, og me kan dermed forvente oss gjennomslag til hausten. På nordsida av tunnelen pågår det sprenging av forskjering, samt vegbygging og sprenging av nokre hamrar for å rette ut veglinja.
Veganlegget ser ut til å få god balanse i massehandteringa, slik at stein som blir sprengt ut kan nyttast på plassen, til å bygge den nye vegen og planere ut sideareala. Jordbruksareal som er teke til mellom anna riggområde skal førast tilbake til landbruksareal når anlegget går mot slutten.
Gir sikrare E39
På kvar side av tunnelen er det rundt 1,5 km ny veg som skal byggast, og denne vil gå ganske nær dagens trase. Prosjektet vil gjere E39 mellom Førde og Sande tryggare, ved at svingar blir retta ut og vegen får betre standard. Eit godt nett av sidevegar vil også redusere trafikken med jordbruksmaskinar på E39, noko som det er ein del av i dag.
Byggetida på anlegget er anslått til ca. 2,5 år, slik at veg og tunnel skal stå ferdig til bruk desember 2023. Rigg- og deponiområda skal ferdigstillast sommaren 2024.