Kun eitt tilbod på Kvitsøy-kontrakten
Den 10. juli var det tilbodsåpning på E 02 – Kvitsøy-kontrakten i Rogfast-prosjektet. Berre ein tilbydar blir vurdert vidare.
Det var i alt tre entreprenørfirma som var inviterte til å levere tilbod og delta i konkurransen om den første store Rogfast-kontrakten. Statens vegvesen måtte i forhandlingsfasen avvise to av tilboda (Skanska AS og Marti AS) fordi dei hadde vesentlege avvik frå konkurransegrunnlaget i første runde.
Vegvesenet har difor berre fått eitt endeleg tilbod på denne kontrakta. Dei som har levert tilbod er arbeidsfellesskapet Implenia Norge AS og Stangeland Maskin AS.
– Vi er glade for at marknaden har tatt den store utfordringa det er å gje seg i kast med ein så stor og kompleks kontrakt som Kvitsøy-kontrakten. Men tilbodet ligg over det som var forventa, og vil no bli kontrollrekna og vurdert opp mot budsjett og anskaffingsregelverket, seier fungerande regionvegsjef, Tone Oppedal.
Ho reknar med at Statens vegvesen vil lande ei endeleg avgjerd i løpet av den komande månaden.