Den nye vegen vert planlagt som ein ferjefri, firefelts motorveg med fartsgrense 100 km/t. Reisetida på ny E39 mellom Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) blir ned mot 30 minutt. Dette arbeidet tek utgangspunkt i vedteken statleg kommunedelplan, med sørleg kryssing av Langenuen mellom Jektevik og Hodnanes.

Siste nytt:

E39 Ådland-Svegatjørn er eit viktig prosjekt på strekninga frå Stavanger til Bergen. Prosjektet skal redusere reisetida frå dagens 90 minutt ned mot 30 minutt. 

Mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os, vert det no utarbeidd ein statleg reguleringsplan.  Statens vegvesen skal levere forslag til reguleringsplan hausten 2024.

Oversiktskart E39 Stord-Os Reguleringsplan (Illustrasjon COWI for Statens vegvesen).
Oversiktskart over strekninga E39 Stord-Os som er under planlegging. Illustrasjon: COWI for Statens vegvesen

 

Veg:
E39
Fase:
Planfase
Kommunar:
Bjørnafjorden, Stord, Tysnes
Fylke:
Vestland
Lengde:
55 kilometer
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2025–2036

Området. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontaktar

Geir Holen

Kommunikasjonsrådgiver
E-post:

Sist oppdatert: