E39 Stord-Os eitt av prosjekta som skal sertifiserast som «Whole project». Det betyr at prosjektet blir sertifisert frå reguleringsplan til ferdigstilling.

Statens vegvesen har vedteke at alle prosjekt over 200 millionar kronar skal sertifiserast i tråd med BREEAM Infrastructure i byggefasen (tidlegare CEEQUAL).

E39 Stord-Os er eitt av prosjekta som skal sertifiserast som «Whole project». Det betyr at prosjektet blir sertifisert heilt frå reguleringsplan til ferdigstilling.

Meir om BREEAM Infrastructure

BREEAM Infrastructure er eit internasjonalt miljøsertifiseringssystem for anleggsprosjekt der målsetjinga er å rette fokus mot miljøvennlege og berekraftige tiltak i prosjekta. BREEAM Infrastructure er ein bransjestandard som skal stille einsarta og føreseielege miljøkrav til anleggsbransjen.

Sertifiseringsordninga omfattar eit breitt spekter av miljøomsyn, frå klima og energiforbruk, via artsmangfald og kulturminne til forholdet til naboar og andre interessepartar. Ordninga krev at vegprosjektet blir vurdert opp mot eit sett av miljøkriterium, og stiller krav til dokumentasjon på at desse kriteria vert overhaldne. Vurderingar og dokumentasjonen skal stadfestast av ein godkjent tredjepart. Dei kan også brukast for å sertifisere heile prosjektet frå start av planleggingsoppstart til ferdig bygging og eventuelle etterundersøkingar.

Sist oppdatert:

Naturmangfald