Prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) har fått eit eige oppdrag frå Samferdsledepartementet om å utgreie økologisk kompensasjon.

Dette arbeidet er i gang, og blir gjort i dialog med Statsforvaltaren i Vestland som har ei sentral rolle i å følgje opp at regjeringa sin miljø- og arealpolitikk blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har også ei viktig rolle i dette.

Dialog med Statsforvaltaren i Vestland og andre samarbeidspartar er sentralt når økologisk kompensasjon skal utgreiast for prosjektet

I arbeidet som vert gjort no, skal ein ikkje finne konkrete areal for ei eventuell erstatning, men utgreie om økologiske kompensasjon kan vere eit aktuelt tiltak for å redusere skade på naturen i samband med bygginga av vegen og bruene.

Rapporten til departementet skal leverast til  Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) samtidig som reguleringsplanen. Det er KDD som vil fatte eit eventuelt vedtak om økologisk kompensasjon.

Kva inneber økologisk kompensasjon?

Tap av naturmangfald er ei av dei viktigaste miljøutfordringane i dag. Den viktigaste årsaka til at artar og naturtypar forsvinn er arealendringar. Dette gjeld internasjonalt og det gjeld i Noreg. Økologisk kompensasjon er eitt av fleire verkemiddel for å redusere tapet av verdifull natur

Tiltakshierarket.
Skildring av prosessen (tiltakshierakiet) som skal ligge til grunn for vudering av økologisk kompensasjon. Kjelde: Miljødirektoratet

Arbeidet for å redusere tap av verdifull natur vert gjort systematisk gjennom å følgje tiltakshierarkiet (sjå figur over).

  • Det betyr at utbyggar skal først søke val av alternativ som unngår negativ verknad på naturen.
  • Dersom det ikkje er mogleg kan ein prøve å avgrense konsekvensar,
  • Deretter gjennomføre avbøtande tiltak eller restaurere direkte verknader i etterkant av utbygginga.
  • Økologisk kompensasjon er siste utveg for å redusere negative konsekvensar for naturen.

Det er gjennomført fleire samferdsleprosjekt med økologisk kompensasjon i Norge.

Definisjon av økologisk kompensasjon

Økologisk kompensasjon inneber at den ansvarlege for ei utbygging som øydelegg eller skadar verdifull natur kompenserer for denne øydelegginga eller skaden. Kjernen i økologisk kompensasjon er at økologiske funksjonar som går tapt, vert erstatta av kompenserande tiltak. Kompensasjonen vert gjennomført ved å restaurere, etablere eller beskytte natur av same type på ein annan stad enn naturen som vert råka av utbygginga. Føremålet er å avgrense netto tap av verdifull natur.

Naturmangfald