Oppstart av jordsmonnkartlegging
Statens Vegvesen er i gang med å førebu arbeidet med reguleringsplan for E39 Stord-Os. Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) er engasjert til å gjere jordsmonnkartlegging hausten/vinteren 2020 som ein del av plangrunnlaget.
Kommunedelplan for E39 Stord-Os vart vedteken av Regjeringa hausten 2019, og Statens vegvesen har fått i oppdrag å utarbeide reguleringsplan for vegstrekninga. Denne hausten vert det difor sett i verk jordsmonnkartlegging av jordbruksareala som grunnlag for reguleringsplanarbeidet.
I Vestland fylke er svært lite av jordsmonnkartlegging for uttalte jordsmonn kartlagt. NIBIO føretek difor jordsmonnkartlegging for uttalte jordbruksareal i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden i samband med planarbeidet.
Arbeidet inneber at nokre personar vil ferdast i området. Det vil takast omsyn til jordbruksdrifta.
Kartlegginga vil skje på jordbruksareal i følgjande område:
- Stord kommune
Ådland, Lunde, Førland, Grov og Agdestein. - Tysnes kommune
Skor, Økland, Flatråker, Epland, Holma, Kyrhagen, Søreid, Beltestad, Tveit, Frøkjedal, Flygland, Gjøvåg og Kaldafoss.
- Bjørnafjorden kommune
Moberg og ved Ulvenvatnet i Os.
Ved spørsmål om kartleggingsarbeidet kan de kontakte:
Ellen Njøs Slinde, Planleggingsleiar
Mobil: 99 20 32 38
E-post: ellen.slinde@vegvesen.no
Meir informasjon om planarbeidet til E39 Stord - Os finn du i menyen til venstre