Har lyst ut konsulentoppdrag for reguleringsplanarbeidet
Statens vegvesen har lyst ut anbodskonkurranse i samband med reguleringsplanarbeidet for E39 Stord-Os. Frist for å levere tilbod er 28. januar 2021.
Denne hausten varsla Statens vegvesen oppstart av arbeidet med statleg reguleringsplan. Arbeidet inneber å utarbeide detaljregulering av strekninga Stord-Os, inkludert kryss og lokalvegtilknyting. Sentralt i arbeidet med reguleringsplanen er å redusere kostnader og redusere inngrep i verdifull natur. Forslag til reguleringsplan skal vere klar i 2022.
– Å finne fram til dei løysingane som samla sett tek best omsyn til kostnader, natur, miljø, naboar, grunneigarar og framtidige brukarar er alltid krevjande i eit reguleringsplanarbeid, og kanskje spesielt i ein så omfattande reguleringsplan som dette, seier prosjektleiar Signe Eikenes.
Ynskjer mange tilbydarar og god konkurranse
Reguleringsarbeidet omfattar 55 kilometer veg inkludert to store fjordkryssingar. Strekninga går gjennom dei tre kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Stord. Sjølv om arbeidet er i statleg regi, legg Vegvesenet vekt på god dialog og involvering av kommunane.
I hovudsak er det eitt alternativ som skal utgreiast. Men arbeidet framover inneber også å optimalisere dei veglinjene som er vedtekne i kommunedelplanen. For å redusere kostnader og inngrep i verdifull natur, er det for ein del av strekninga behov for vidare konsekvensutgreiing og utgreiing av fleire alternative traseløysingar.
– Det er eit omfattande og krevjande arbeid vi er i gang med. Vi ynskjer difor mange kvalifiserte tilbydarar slik at det blir god konkurranse og vi finn den beste samarbeidspartnaren i dette viktige arbeidet, seier Eikenes.
I tillegg til utgreiingsarbeidet, inneber også anbodet moglegheit for fleire opsjonar, til dømes regulering av kai på Reksteren, start av arbeid med byggeplanlegging og arbeid som ikkje er føresett, til dømes grunnboring med meir.
Bransjen ynskte meir tid - tilbodsfristen utsett
Anbodet var først lyst ut med tilbodsfrist 7. januar. Etter ynskje frå bransjen om meir tid vart fristen utsett til 28. januar 2021.
Konkurransen er utlyst i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet (KGV).