Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Arve Tjønn Rinde tek over som ny prosjektsjef for E39 Stord-Os. Rinde kjem frå jobben som prosjektsjef for rv. 555 Sotrasambandet.

Statens vegvesen gjer no endringar i to av dei aller største vegprosjekta i Noreg. OPS kontrakten som nyleg ble signert på Sotrasambandet er det største vegprosjektet i Norge gjennom tidene. Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland skreiv 16. mars under på kontrakten til ein verdi på 19,8 milliardar kroner for den 9,4 kilometer lange motorvegen frå Sotra og inn mot Bergen.

Bilde av Prosjektsjef Arve Rinde i Statens vegvesen.
Prosjektsjef Arve Rinde i Statens vegvesen blir prosjektsjef for E39 Stord-Os. Foto: Statens vegvesen

No går Rinde over og blir prosjektsjef for prosjektet E39 Stord-Os. Prosjektet strekk seg over 55 kilometer, frå Svegatjørn i Bjørnafjorden kommune til Ådland i Stord kommune. Strekninga hadde i 2021 ein berekna kostnad på 37,7 milliardar kroner.

Inn i byggefasen

Rinde får ansvaret for planlegging og bygging heilt frå Boknafjorden i sør til Os i nord.

Bilde av Prosjektdirektør Kjartan Johan Hove.
Prosjektdirektør Kjartan Johan Hove. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen

- Vi justerer organisasjonen på E39 Boknafjorden-Os for å tilpasse oss byggefasen på E39 Stord-Os. Arve Tjønn Rinde går difor inn som prosjektsjef, for å sette organisasjonen på E39 Stord-Os fram mot bygging, seier områdedirektør Kjartan Hove i Statens vegvesen, Utbygging vest.

 

 

 

Hove seier avtroppande prosjektleiar Sverre Ottesen og teamet hans har gjort ein solid jobb med reguleringsplanarbeidet. Ottesen går no over i andre viktige oppgåver for Vegvesenet i Bergen.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik seier rv. 555 Sotrasambandet no er på veg inn i ein ny fase.

Bilde av Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik. Foto: Knut Opeide

- Vi har dyktige personar i organisasjonen vår som vil følge prosjektet inn i byggefasen. Endringane vi gjer no, er for å sikre oss gjennomføringskraft i alt det som skal skje i og rundt Bergen i åra som kjem, seier Davik.

 

 

 

Likar krevjande oppgåver

Den nye prosjektsjefen byrja i Vegvesenet som leier for trafikant- og køyretøyavdelinga i Region vest i 2016. Rinde har brei erfaring, med leiarbakgrunn frå fleire private selskap i offshore-industrien.

Han gler seg til å starte opp med E39 Stord-Os.

- Eg har aldri vore med å arbeide fram og forhåpentlegvis vedtatt ein reguleringsplan i eit vegprosjekt tidlegare. Samstundes blir eg og trigga av å vere med å bygge ut vegnettet på Vestlandet. Å få anledning å få bruka utdanning og erfaring til å bygge saman den sørlegaste delen av vestlandsregionen, finn eg særs spennande og meiningsfullt, seier Rinde.

Samstundes legg han vekt på at E39 Stord – Os eit teknologiprosjekt der Statens vegvesen er avhengig bidrag frå våre tradisjonelle entreprenørar og rådgivarar, samtidig som Vegvesenet treng erfaring og kompetanse frå offshore og maritim industri på Vestlandet.

- Her kan eg bidra og kanskje gjere ein forskjell, seier Rinde.

- Kva er den største utfordringa for Hordfast?

- Det er todelt. Me skal få på plass en statleg reguleringsplan. Dette er det nok litt nybrottsarbeid i for fleire. Dette er alltid spennande. På den andre sida skal vi nytte ny teknologi til å byggje to bruer som er eineståande i Norge og verda. Flytebrua over Bjørnafjorden er lengst i sitt slag i verda, medan hengebrua over Langenuen blir ein av dei lengste i Norge. Den siste skal me også vurdere bygget i aluminium. Dette har ingen gjort før oss, noko som gjer det viktig å komme godt i gang med teknologistudiet og moglegheitsstudiar rundt de tekniske løysingane i prosjektet, seier Rinde.

- Kva gjer E39 Stord-Os til eit godt prosjekt?

- Prosjektet vil, saman med Rogfast, bidra til ferjefri veg mellom Stavanger og Bergen. I tillegg vil det binde Tysnes tettare til Os, Bergen, Stord, Haugesund og Stavanger. Eit skikkeleg vegnett er med å styrke bu og levevilkår, bygge industri og sikre næringstransporten betre framkomme. I tillegg vil prosjektet bidra til større fleksibilitet og enda sterkare samhald på tvers av kommunegrensene på Vestlandet, seier Rinde.

- Forstår du at naturvernarane ikkje likar prosjektet?

- Ja, det skjønar eg godt. Vi skal gjere dette så nennsamt som mogleg, ta omsyn og gjere gode forundersøkingar slik at fotavtrykket blir minst mogleg. Vegvesenet har erfaring med å vurdere ulike forhold og synspunkt i prosjektgjennomføring, seier Rinde.

Med erfaring frå offshore og byggeindustrien har han hatt gleda av ha fått sett ein storslagen utvikling i norsk industri der fokus på sikker, meir miljøvennleg og berekraftig utbygging har vært i høgsetet hos alle aktørar.

- Mitt mål er at vi skal gjera det vi kan for å skåna naturmangfaldet og være skånsam i vår bygging av prosjektet, seier Rinde.

- Bestillinga frå Samferdselsdepartementet er å planlegge veg for 110 kilometer i timen. Kjem Vegvesenet til å sjå på løysingar med lågare fart?

- Vårt oppdrag er gitt frå departementet og det er å utgreie eit alternativ der fartsgrensa skal være 110 kilometer i timen. Vårt fokus blir å levera på dette oppdraget. Som prosjektsjef er eg opptatt av å ha god kontroll på risiko i prosessar. For meg er det difor viktig å skape gode løysningar slik at en får mest mogleg veg for pengane. Det å sjå på ulike fartsgrenser kan være et godt bidrag , seier Rinde.

Kontaktpersonar 

Arve Tjønn Rinde
Prosjektsjef for E39 Stord-Os
Statens vegvesen
Tel: 930 31 874
arve.rinde@vegvesen.no

Kjartan Hove
Prosjektdirektør Vest
Statens Vegvesen /Utbyggingsdivisjonen
Tel: 90 11 05 86
kjaratan.hove@vegvesen.no

Aktuelt for fylke: Vestland