Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen vil søka Statsforvaltaren i Vestland om å forlenga rettsverknaden for det bandlagde område i kommunedelplanen med fire år.

Statleg kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Stord-Os (PlanID NO201602) vart vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 5. september 2019. I planen er det bandlagt ei sone i påvente av vedtak av reguleringsplan. 

Varigheita av bandlegginga i vedteken kommunedelplan er fire år og  går ut i september i år. Det er bakgunnen for at Sttens vegvesen søker om forlenging med fire nye år. 

Bandlegginga i kommunedelplanen er gitt med heimel i plan- og bygningslova §11-8 tredje ledd d); sone for bandlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningslova.

Dei tre kommunane Bjørnafjorden, Stord og Tysnes har stilt seg positive til slik forlenging.

Sende innspel 

Vi ber om eventuelle innspel innan 4. september. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

eller med e-post til firmapost@vegvesen.no.