Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen har valt Fugro Norway AS til å utføre bølgemålingar i Bjørnafjorden. Målingane startar i august 2021.

– Vi er glade for å få med på laget eit svært kompetent selskap som Fugro Norway AS. Dei skal utføre viktige straum- og bølgemålingar for oss for å sikre bakgrunnsdata til det  komplekse prosjektet som bru over Bjørnafjorden er, seier Kjell Håvard Belsvik, delprosjektleiar for E39 fjordkryssing Bjørnafjorden i Vegvesenet.

Tre gode tilbydarar

Vegvesenet har motteke tre gode tilbod frå leverandørane Fugro Norway AS, NORCE og DHI, som utførte den siste målekampanje i Bjørnafjorden. Fugro Norway AS vann konkurransen basert på eit tilbod med beste forhold mellom pris og kvalitet, i samsvar med tildelingskriteriane.

Viktige målingar

Den nye flytebrua som vert planlagt er 5,5 km lang. Fugro Norge AS skal utføre bølgje- og  straummålingar ved to lokasjonar: Ein i Bjørnafjorden og ein i Søreidsvika. Selskapet vil starte målingane i august 2021.

– Formålet med arbeidet er å skaffe oss nødvendig kunnskap om desse to stadane som er sentrale i bygginga av brua og som vi vil bruke videre i prosjekteringa og berekning av vêrforhold fram mot byggestart i 2025, seier Belsvik.

Prosjektet har føretatt målingar i Bjørnafjorden frå 2015 og fram til sommaren 2021. Målingane som no vert utført skal blant anna nyttast til kvalitetssikring av eksisterande informasjon og i byggeperioden (Søreidsvika).

Kontakt:

Kjell Håvard Belsvik, delprosjektleiar for E39 fjordkryssing Bjørnafjorden
Mob: 95 15 49 93
E-post: Kjell.havard.belsvik@vegvesen.no

Tekniske spørsmål om målingane:

Parthasarathi Jena, Prosjektleiar, Komplekse konstruksjonar
Mob: 91 61 25 66
E-post: parthasarathi.jena@vegvesen.no

Bøya Midi fra Fugro Norway AS
Bøya "Midi" skal utføre viktige straum- og bølgemålingar i Bjørnafjorden frå august 2021 ( Foto: Fugro Norway AS
Aktuelt for fylke: Vestland