Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

– Lokale problemstillingar og innspel gjer heilt klart reguleringsplanen for E39 Stord - Os betre, seier planleggingsleiar Ellen Slinde.

– Vi ønskjer å høyre på dei med lokal kunnskap og kjennskap til området. Kunnskapen tek vi med oss tilbake på jobb og han bidreg til auka kvalitet på reguleringsplanen, fortel  Ellen Slinde (Foto: Helen Gjærde).
– Vi ønskjer å høyre på dei med lokal kunnskap og kjennskap til området. Kunnskapen tek vi med oss tilbake på jobb og han bidreg til auka kvalitet på reguleringsplanen, fortel Ellen Slinde (Foto: Helen Gjærde).

Planleggingsleiaren var svært nøgd etter at prosjektleiinga tok turen til Tysnes og gjennomførte møte med Hålandsneset grendelag og Flatråker bygdelag. Møta vart gjennomførte i samband med høyringa av planprogrammet for arbeidet med reguleringsplanen for prosjektet.

E39 Stord - Os (Hordfast) er eit stort prosjekt med mange interessentar. For å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag og gjere eit best mogleg arbeid ønskjer Vegvesenet god dialog slik at folk veit kven dei kan kontakte i prosjektet. Fysiske møte er difor viktige for leiinga.

– Vi ønskjer å høyre på dei med lokal kunnskap og kjennskap til området. Kunnskapen tek vi med oss tilbake på jobb og han bidreg til auka kvalitet på reguleringsplanen. Samtidig er det sjølvsagt ikkje alt vi kan gjera noko med, fortel Slinde.

Fekk konkrete innspel om flytting av vegtraséen på Tysnes

På møtet med Hålandsneset grendelag fekk Vegvesenet mellom anna innspel om å flytta vegtraséen lengre vekk frå busetnadane på strekninga mellom Søreide og Bårdsundet. Ved Beltestad var det ønskje om å flytta vegen lengre sør og på Håland vart det ønske om å flytta tunnelen lengre nord. På møtet med Flatråker grendelag var det ønskje om å flytte vegen lengst mogleg øst.

– Me prøver å flytta på linja så langt me kan, men skal ein flytta vegen litt på ein plass får det konsekvensar for andre. Vi ønskjer å gjera flest mogleg fornøgde med vegløysinga og tek med hos alle innspela og prøvar å ta omsyn innanfor heilskapen av prosjektet, seier Slinde.

Vegen over Tysnes blir ein veg med fire felt. Det betyr at det er høge krav til vegstandard når det gjeld svingar og stigningar. I tillegg skal vegen byggast i eit krevjande vestlandsterreng.

Fekk svart på mange praktiske spørsmål om Stord-Os

Begge møta hadde stort engasjement og gode diskusjonar.

– Vi fekk også mange praktiske spørsmål som vi kunne svare ut. No veit grunneigarane kven vi er og det er enklare å ta kontakt om det er spørsmål rundt eigedomen eller anna, seier Slinde.

Stor høyringsrunde sommaren 2022

Høyringsrunden no gjeld innhaldet i planprogrammet. Planprogrammet er ei oppskrift på korleis vi skal planlegge og ei oversikt over kva som skal utgreiast.

No blir det jobba vidare med dei ulike alternativa og målet er å ha klart eit forslag til reguleringsplan i løpet av vår/sommar 2022.

– Vi er midt i arbeidet med den store statlege reguleringsplanen. Den viktige høyringsrunda kjem neste sommar. Den vil bli rikt illustrert med gode forklaringar, avsluttar Slinde.

Prosjektet vil gjerne ha fleire rundar med interessentar frå kommunane. Hittil er det gjennomført møte med dei som har bedt om det.

Ønskjer du kontakt med prosjektet? Send ein e-post til:

Aktuelt for fylke: Vestland