Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Fekk du ikkje med deg direktesendinga av informasjonsmøtet? Her finn du opptak av sendinga og presentasjonen som blei vist.

20.oktober var det klart for informasjonsmøte om oppstart av reguleringsplanarbeidet. På grunn av Covid-19-situasjonen blei informasjonsmøtet gjennomført digitalt via Youtube.

Les meir om varsel av oppstart av arbeidet.

- Vi har nett starta arbeidet, men vi veit at det er mange spørsmål om prosjektet og kva vi driv med. Difor valte vi å ha et informasjonsmøte for å gi en kort innføring i kva vi skal i gang med, og ikkje minst opne opp for å svare på spørsmål, seier Ellen Njøs Slinde, planleggingsleiar i Statens vegvesen. 

Presentasjonen som blei vist i møtet finn du lengst ned i saka.

 

Opptak av sendinga kan du sjå på Youtube

Spørsmål knytt til møtet?

Fleire nytta høvet til å sende inn spørsmål, både per e-post i forkant av møtet og i live chaten undervegs i møtet. Prosjektet samlar no opp spørsmål knytt til møtet, og vil legge tilgjengeleg spørsmål og svar på for alle her på nettsida til prosjektet.

Har du spørsmål knytt til møtet, send e-post til:

Frist for innspel til planarbeidet 30.oktober 

Merknadar, innspel og opplysningar til oppstart av planarbeidet sendes til  innan 30.oktober. 

  • Hugs å ta med evt. gards- og bruksnummer.
  • Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer  eller med e-post til .
  • Merk brevet eller e-posten med «E39 Stord – Os».
Aktuelt for fylke: Vestland