Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

I arbeidet med reguleringsplan har ein sett at det er naudsynt å utvide planområdet nokre stadar i dei tre kommunane. Frist for innspel er 10. mai, 2022.

Statens vegvesen utarbeidar statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden. I det pågåande planarbeidet har ein sett at det er naudsynt å utvide planområdet nokre stader. Vi ber med dette om innspel for det utvida planområdet. Grunneigarane for dei eigedomane der planområdet er utvida, får eige brev.

Frist for innspel

Dersom du har synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar  om det utvida varslingsområdet, ber vi om at du sender det til oss innan 10. mai 2022.
Hugs å ta med evt. gards- og bruksnummer.

Send ditt innspel skriftleg per post eller e-post:

Merk brevet eller e-posten med «E39 Stord – Os».

  • Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
  • E-post: .

Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte:

  • Stord kommune: Jonas Dalland, tlf. 476 23 272
  • Tysnes kommune (Beltestad-Kaldafoss): Ellen Njøs Slinde, tlf. 992 03 238
  • Tysnes kommune (Hodnanes-Beltestad): Jon Rabben Lundby, tlf. 412 01 179
  • Bjørnafjorden kommune: Helen Gjærde, tlf. 918 01 871

E-post:

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

Aktuelt for fylke: Vestland