Vi er klare til å bygge E39 Stord-Os (Hordfast)
Tilsette i Vegvesenet som jobbar med prosjektet er no klare for å gire opp, og planlegge- og bygge ny E39 frå Stord til Os. Strekninga ligg inne i regjeringa sitt forslag til ny Nasjonal Transportplan (NTP).
– Vi er ferdige med forslag til reguleringsplan våren 2022, og håpar å ha ein endeleg stadfesta plan på plass våren 2023. Når Stortinget følgjer opp NTP med pengar over statsbudsjettet kan Vegvesenet starte anleggsarbeidet i 2025, seier Kjartan Hove, Prosjektdirektør i område Vest i Statens vegvesen.
Det har vært knytt stor spenning til NTP blant tilsette i Vegvesenet som har arbeidt med prosjektet i fleire år, på kva regjeringa foreslår av nye vegprosjekt i NTP. Stemninga var derfor god da Samferdselsminister Knut Arild Hareide la fram NTP fredag før helga.
– Hordfast er eit komplekst prosjekt, men E39 er den viktigaste transportåra langs Vestlandskysten og vil, saman med Rogfast binde Vestlandet saman. Store delar av eksportinntektene i Noreg er frå Vestlandet og næringslivet vil få eit funksjonelt transportsystem for også i framtida å kunne utnytte dei ressursane som ligg til landsdelen, seier Sverre Ottesen som er prosjektleiar for strekninga.
Strekninga er eit av dei vegprosjekta som er definert med høgast samfunnsnytte og som Statens vegvesen spilte inn til Samferdselsdepartementet i arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033. Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.
Dette skjer fram til byggestart i 2025
Prosjektet har ein stram tidsplan og akkurat nå er det arbeid med statleg reguleringsplan som har fullt fokus, i tillegg til ulike tekniske vurderingar knytt til dei to store bruene over Langenuen og Bjørnafjorden.
– God anleggsgjennomføring krev god førebuing. Det er nå vi går inn i alle detaljar og det er mange omsyn å ta. I denne fasen blir veglinja plassert eksakt i terrenget og vi vil ha nær kontakt med grunneigarar, kommunane og andre offentlege instansar. Vi vil vurdere løysingar som reduserer kostnaden og aukar nytten i prosjektet, samtidig blir dette vurdert opp mot konsekvensar for naturmangfald og andre miljøtema, understrekar Hove.
Etter at reguleringsplan er endeleg stadfesta, må naudsynte avtalar om grunnavståing på plass, og kontraktar med entreprenørar og leverandørar lysast ut og underteiknast, før anleggsarbeida kan starte.
Dette skal byggast
- Strekninga er nærare 55 km lang. Dei to store bruene over Bjørnafjorden og Langenuen er 5,5 km og 1,7 km lange, og total tunnellengde vil bli mellom 14 og 16 km.
- Den lengste tunnelen (7 km) er på nordsida av Bjørnafjorden. Den startar der brua kjem i land på Røttinga og går under Søre Øane fram til Mobergbrua ved Ulvenvatnet.
I tillegg blir det fleire mindre tunnelar, bruer og konstruksjonar.
Strekningen går gjennom dei tre kommunene Bjørnafjorden, Tysnes og Stord.
For mer informasjon kontakt:
Kjartan Hove, prosjektdirektør Vest
E-post: kjartan.hove@vegvesen
Tlf: 90 11 05 86