Status reguleringsplan
Vegvesenet starta opp arbeida med reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn i 2020. Forslag til reguleringsplan er planlagt ferdigstilt hausten 2024.
Det blir arbeida for fullt med reguleringsplanen for strekninga, og prosjektet har fått ein del tilllegsarbeid som er viktig for å kunne gi eit best mogleg beslutningsgrunnlag. Vegvesenet utarbeidar blant anna ein rapport der redusert standard for prosjektet blir vurdert. Eit anna arbeid som skal ferdigstillast er vudering av økologisk kompensasjon.
Planprogram for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)
Kommunal- og distriktsdepartementet fastsette planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) 26. september 2023.
Planprogrammet gjer greie for dei problemstillingar reguleringsplanen skal omfatte. Den omtaler mellom anna at det vil bli gjennomført ei konsekvensutgreiing (KU) for ein del av strekninga der føremålet er å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte.
I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os). Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.