Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Onsdag 23. november vart den første av i alt fire vindmålemaster ferdigmontert på Kvitneset på Hareid.

Masta er 100 meter høg og er et samarbeid med Kjeller vindteknikk for å gjere vindmålingar i Sulafjorden i samband med Hafast-prosjektet. Masta skal gjere målingar i minimum 12år, gjennom heile prosessen før, under og etter bygging av Hafast.

Vindmålemastene, og målebøyene som allereie er på plass i fjorden, skal samle data om naturkreftene i fjorden. Statens vegvesen har tidligare laga modellar for å imitere miljøforholda, og målingane som no gjerast skal korrigere desse modellane.

- Desse målingane er utrulig viktige no før vi skal i gong med å prosjektere. Informasjonen skal danne grunnlaget for korleis brua skal byggjast, og korleis ho skal sjå ut, seier Jørn Arve Hasselø som er prosjektleiar for Hafast.

To brutrasear står att som alternativ, ein på 4200 meter og ein på 3000meter.

Dei tre andre vindmålemastene skal setjast opp på Langsneset lenger inn i fjorden på Hareid-sida, og dei to siste på Sula-sida nærare bestemt på Trælbodneset og Kårstein.

Vindmålemast på Kvitneset Foto: Headspin Productions
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal