Artikkelen er frå 2013, og innhaldet kan vere utdatert.

Regjeringa har gjort framlegg til NTP om 3,4 mrd til prosjektet E39 Svegajørn-Rådal. Dette gjer betyr at prosjektet kan finansierast i tråd med bompengesøknaden.

Prosjektleiar Arne Eltvik er veldig nøgd med dette og ser det som eit signal på at prosjektet blir vedteken i 2013.

-Då ser vi for oss anleggstart ein gong i 2014. Akkurat no arbeidar konsulentar med den eksterne kvalitetssikring, og vi reknar med å få resultatet av dette i mai ein gong. Etter dette skal Stortingsproposisjonen skrivast, seier Eltvik.

Han fortel at prosjektgruppa i desse dagar arbeidar med å søke markedet om ledige lokalar til det framtidige prosjektkontoret som vil vere i Rådalsområdet.

Elles er planforslaget for fire utfyllingsområder sendt til Bergen kommune for vidare handsaming. Dette blir lagt ut til offentleg ettersyn i mai.  

 

Aktuelt for fylke: Vestland