Første vegkontrakt signert
Statens vegvesen har signert første vegkontrakt på E39 Svegatjørn – Rådal. Oppdraget gjeld mindre, supplerande arbeid.
Det er Vassbakk & Stol, med lokal base i Morvik - som har fått oppdraget på 3,8 mill. kr. , med ein opsjon på noko meir. Entreprisen vil omfatte oppgaver som fell utanfor dei to store hovudkontraktene, der det no pågår kontrollrekning og deretter avgjerd om tildeling. Entreprisen vil omfatte noko sprenging og masseflytting og vil pågå fram til sommaren 2017.
Det kom inn tilbod frå seks lokale entreprenørar på dette oppdraget. Vassbakk & Stol hadde lågaste pris.
Aktuelt for fylke:
Vestland