Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Du er velkomen til å ta ein «tur» inn i anleggsområdet for bygging av E39 Svegatjørn–Rådal. Med hjelp av drone har vi oppdaterte foto frå dei mange byggeplassane, både i Os kommune og i Fana bydel i Bergen.

Drone blir nytta til målingar på veganlegget, og tek samstundes foto i 360 graders sirkel. Drona går opp over faste punkt i dagsonenen og tek foto her. Du kan «vandre» i området ved hjelp av mus eller pil i kart, eller gå inn på detaljar i bileta.

Det er Hawkeye AS i Bergen som leverer drone-bileta, som ein del av eit fagoppdrag på geomatikk i prosjektet. Bileta vil bli oppdaterte kring kvar 14. dag gjennom byggeperioden.

Link til Utsikts-foto frå byggeplassane

 

Aktuelt for fylke: Vestland