Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

27. oktober 2014 Clarion Hotel Bergen Airport. Det største veganlegget i Hordaland si historie skal snart lysast ut. Med to store hovedentreprisar vil vi utfordre dei beste til å gjere arbeidet for oss til rett kvalitet, rett tid og rett pris. Vi set òg store krav til HMS og omsyn til miljøet.

Tek de utfordringa med å:

  • sprengje og flytte 2,5 millionar kubikk faste steinmassar
  • byggje ca. 28,2 km med tunnel med varierande utfordringar:
  • tilkomst i ubebudde områder
  • krav til innlekkasje og injeksjon
  • tunneldriving under tettbygde områder
  • nærføring og/eller kryssing av avløpstunnel, Bybanetunnel, fjellhallar og vassverk
  • arbeide på og i områder med høg trafikk
  • etablere store dagsoner, med omfattande masseutskifting
  • syte for at augestikkarane i Endalausmarka framleis vert verande der
  • setje E39 Svegatjørn–Rådal på kartet

Då bør de koma på informasjonsmøtet vårt om prosjektet måndag 27. oktober. Det vert informasjon på norsk kl. 1000–1200 og engelsk kl. 1300–1500

AGENDA:

  • Informasjon om prosjektet og entrepriseinndeling
  • HMS
  • Miljø
  • Overordna massedisponering
  • Omfang entreprise K10 Svegatjørn–Fanavegen
  • Omfang entreprise K11 Rådal–Nordås–Fanavegen
  • Kriterium for val av entreprenør

Påmelding til: e-post: innan 15. oktober.
Meir teknisk informasjon: prosjektleiar Arne Eltvik tlf. +47 950 88 639
Sjå òg vår heimeside: www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39svegatjornradal

Aktuelt for fylke: Vestland