Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

– Dette er ein stor og gledeleg dag også for oss i Statens vegvesen, seier prosjektleiar Arne Eltvik, etter at regjeringa fredag la fram stortingsproposisjonen for bygging av E39 Svegatjørn–Rådal.

Han får også tilslutnad frå regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen, som meiner det var på tide at den etterlengta avklaringa kom no, etter over 50 år med diskusjon og planlegging av nye E39 mellom Os og Bergen.

Røynd leiar

Arne Eltvik har lang røynsle frå vegbygging i Hordaland, og har mellom anna stått for tunnelen (eller lokket) på E39 på Fjøsanger, som blei teken i bruk for kring 10 år sidan. Han leiar no ei gruppe med 12 kolleger som har førebudd mellom anna konkurransegrunnlag og prosjektering for E39 Svegatjørn – Rådal. Det blir ytterlegare bemanning av prosjektmedarbeidarar i tida fram mot byggestart, som blir sommaren 2015. Statens vegvesen må følgje reglane for entrepriser, mellom annan med klagefrister.

Venter på Stortinget

– Vi må sjølvsagt venta på det formelle vedtaket i Stortinget før vi kan lysa ut kontraktene på arbeidet, seier Eltvik. Strategien er å inngå to hovudkontrakter på prosjektet. Veganlegget mellom Svegatjørn i Os og Rådal i Bergen blir eitt oppdrag. Det andre blir tunnelsystemet forbi Rådal, med arm til Skeievatnet langs rv. 580 Flyplassvegen.

Prosjektleiar Arne Eltvik i Statens vegvesen har tidlegare mellom anna leia arbeidet med tunnel og lokk på E39 forbi Fjøsanger i Bergen. (Arkiv Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke: Vestland