Sjekkar 1.300 bygg før E39-start
Statens vegvesen skal ha førehandsundersøking av tilsaman 1.300 bygg-einingar før byggestart på E39 Svegatjørn–Rådal.
«Forhåndsbesiktigelse» kaller fagfolka dette oppdraget. Dette gjeld ein del hus og bygningar som står såpass nær område med tunneldrivinga at dei kan tenkast å merka rystingar frå fjellsprenging gjennom byggeperioden.
100 meters bredde
Tunnelsprenging vil særleg pågå dei første åra, frå hausten 2015. Oppdraget går ut på førehandsregistrering av tilstanden på bygningane. Dette gjeld bygg som ligg i veglina for tunnelar, med ulik fjelloverdekning langs den komande E39-lina mellom Bergen og Os.
Bygningar som ligg innanfor ei sone på 50 meter på kvar side av tunnelen er gjenstand for registrering. Dette omfattar alle slags bygningar. Bustadblokkar, rekkehus, einebustader, Fana stadion, kontorbygg, industri og forretning, skular og barnehagar. I blokker reknast kvart husvære som ei eining. Dei fleste bygningane ligg i Fana bydel i Bergen. Langt færre ligg i Os kommune.
Før og etter
Oppdraget er å få fram ei objektiv framstilling av tilstanden til bygningane før anleggsarbeidet tek til. I ettertid skal det også gjerast etterundersøking av dei same bygningane – for å klargjere om det er gjort skade på bygningane under byggeperioden. Her vil det blir klarlagt kva som er årsak til skaden og omfanget.
Avtalen vil gjelde 6,5 år etter inngåing av kontrakten. Frist for levering av tilbod er 5. juni 2015.
Infomøte
Det blir invitert til informasjonsmøte for naboane før arbeidet tek til – hausten 2015. Møta blir kunngjort i lokalpressa, og på heimesida til prosjektet.