Artikkelen er frå 2012, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen vil i samarbeid med Ørsta kommune starte arbeid med to reguleringsplanar for E39, Flåvika-Flåskjær (Storegjylet) og Molvikneset-Masdal.

Første planen omfattar strekninga Flåvika-Flåskjær (Storegjylet). Strekninga er 3,1 km og ligg mellom Rjånes og Vartdal. Den andre planen omfattar strekninga Molvikneset-Masdal. Denne strekninga er 800 meter og ligg mellom Nordre-Vartdal og Barstadvika.
 
Målet med arbeidet er å skaffe formelt plangrunnlag for å gjennomføre ei utbetring av E39 til utbedringsstandard for Nasjonale hovudvegar. I tillegg er det eit mål å planlegge rassikring for utsette punkt på den sørvestlegaste strekninga.

Vi ønskjer innspel til reguleringsplanarbeidet. I tillegg ønskjer vi opplysningar om lokale forhold som kan ha innverknad på planutforminga.

Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

  • Statens vegvesen v/planprosjektleiar Siv K. Sundgot, tlf. 70 17 50 77.
  • Ørsta kommune v/Gunnar Wangen, tlf. 70 04 97 00

Innspel til planarbeidet kan du sende innan 3. september 2012 til:

  • Statens vegvesen Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde eller
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal