Statens vegvesen skal bygge toplanskryss med ny kulvert i E39 Veibustkrysset i Sula. Arbeidet skal løyse utfordringar med kø og gje betre trafikktryggleik.
Prosjektet skal vere klart til oppstart hausten 2025.
I Veibustkrysset skal det bli nytt toplanskryss med kulvert under E39. Krysset ligg nokre få kilometer sør for Ålesund, og arbeidet skal løyse køproblematikk og gje betre trafikktryggleik. Det har vore fleire ulykker og nestenulykker på staden.
Det er utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39. Dette er også med på å skape farlege situasjoner.
Framkomsten på E39 vil bli omtrent uendra når krysset er ferdig utbetra.
Prosjektet vart tatt inn i NTP gjennom fleirtallsmerknad ved behandlinga av gjeldande NTP, og det blei øremerkt planmidler gjennom Prop. 113 S. Reguleringsplanen vart vedteken i mars 2023. I samband med fremlegg av forslag til statsbudsjett 2025, vart prosjektet føreslått med oppstartsmidler i 2025.
Slik blir Veibustkrysset sjåande ut når prosjektet er ferdig. Vegsundbrua er rett over øvre biletkant. Illustrasjon: Statens vegvesen