Kommunedelplan for E39 Volda-Furene godkjent
Volda kommunestyre har i møte 18. desember 2014 godkjent kommunedelplanen E39 Volda-Furene.
Plana vart godkjent i sak PS 153/14 «Kommunedelplan for E39 Volda-Furene med framlegg til arealbruk for tilgrensande område», slik det går fram av planomtale, plankart og føresegner frå 27. november 2014.
Planen inngår som ein del av «Kommunedelplan for Volda sentrum inkl. Mork/Furene og Vikebygda». Hovuddelen av denne plana vart eigengodkjent av Volda kommunestyre i sak 53/09 18. juni 2009, og der to mindre områder med varsla motsegner vart godkjent av Miljødepartementet 22. mars 2011.
Aktuelt for fylke:
Møre og Romsdal