Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Med heimel i plan- og bygningslova §§3-7 og 12-10 blir forslag til detaljregulering for E6 Ny Olderelva bru i Storfjord kommune lagt ut på høyring.

Lengda på strekninga er ca. 1100 meter. Reguleringsplanen legg til rette for breiddeutviding, rettare veglinje og ny bru. Planforslaget inneheld vidare busshaldeplassar, atkomstvegar og gang- og sykkelveg.

Planforslaget er lagt ut på følgjande stader:

Merknadsfrist

Eventuelle merknader til planen må sendast skriftleg innen fredag 20. februar 2015 til:

Statens vegvesen Region nord, Postboks 1403, 8002 Bodø
eller  
merkast «Merknader til forslag til detaljregulering for E6 Ny Olderelva bru»

Etter offentleg ettersyn og høyring vil merknader og synspunkter bli behandla, og sendt vidare til Storfjord kommune for godkjenning.

Opent møte

Det vil bli halde opent møte måndag 9. februar kl. 1800–2000 på LHL senteret i Skibotn for informasjon og innspel på planforslaget.

Spørsmål om planforslaget kan rettast til:

  • Statens vegvesen Region nord v/Kjell Grønsberg, tlf. 77 61 73 56, e-post
  • Storfjord kommune v/Joakim Stensrud Nilsen, tlf. 77 21 28 29, e-post  
Aktuelt for fylke: Troms og Finnmark