Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Det byggjast bru mellom ny bussterminal og rundkøyringa i Giæverbukta. For å få arbeidet gjort må entreprenøren i periodar stengja eitt køyrefelt.

Peab Anlegg AS er i gang med å støypa fundamentet til bussbrua som skal gå frå kollektivterminalen til rundkøyringa i Giæverbukta. Foto: Statens vegvesen.
Peab Anlegg AS er i gang med å støypa fundamentet til bussbrua som skal gå frå kollektivterminalen til rundkøyringa i Giæverbukta. Foto: Statens vegvesen.

I frå november 2023 til mai 2024 vil arbeidet med ny bussterminal i periodar ramme trafikken i det nordre køyrefeltet i Erling Kjeldsens veg, inn mot rundkøyringa i Giæverbukta. I dette tidsrommet skal det arbeidast med støttemurar og det skal byggjast ei bru frå den nye bussterminalen inn i rundkøyringa. Arbeidet vil i hovudsak påverka dei som kjem ned Erling Kjeldsens veg.

– Bilistane kan framleis ta av mot Jekta Storsenter og Hamna, men kapasiteten i Erling Kjeldsens veg vil i periodar gå kraftig ned. Det vil truleg laga ekstra trafikkork i rushtida, seier assisterande prosjektleiar i Statens vegvesen, Roy Lars Olsen.

Brua skal gjera inn- og utkøyringa til og frå bussterminalen langt raskare enn i dag. Dette vil effektivisera busstrafikken ved å korta inn tia bussane bruker på å setja av og plukka opp pasassjerene. Det blir også færre bussar som må innom rundkøyringa enn det er i dag.

– Stenginga av køyrefeltet er dessverre heilt nødvendig for å få jobben gjort, forklarer Olsen.

Arbeidet med ny bussterminal vil i periodar ramma trafikken i det nordre køyrefeltet der Erling Kjeldsens veg møter rundkøyringa i Giæverbukta i Tromsø. Illustrasjon: Statens vegvesen.
Arbeidet med ny bussterminal vil i periodar ramma trafikken i det nordre køyrefeltet der Erling Kjeldsens veg møter rundkøyringa i Giæverbukta i Tromsø. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Åtvarar mot livsfarleg åtferd

Vi registrerer at det framleis er nokon som gamblar med eigen tryggleik når dei går frå treningssenteret Sats til bussterminalen eller omvendt. Det er knytt til stor fare å kryssa E8 Erling Kjeldsens veg til fots der det ikkje er tilrettelagt for det. Åtferda bekymrar både Vegvesenet og entreprenøren.

– Vegen er sterkt trafikkert, og det kan lett skje ulykker når trafikken blir kryssa der dei køyrande ikkje er førebudde på at det kan komma fotgjengarar, åtvarar Olsen

For din eigen tryggleik ber Vegvesenet deg innstendig om å:

• bruka dei mellombelse gang- og sykkelvegane – Dei er lyssette og blir brøyta
• bruka dei mellombelse fotgjengarfelta som er opplyste – der er du meir synleg og sjåførane forventar at folk kryssar vegen
• respektera sperringane som er sett opp rundt anleggsområdet
• vise omsyn til arbeidet som blir utført.

– Det tek 5-6 minutt ekstra å gå rundt området via dei mellombelse gang- og sykkelvegane. Den tida kan visa seg å bli ei svært lønnsam investering i din eigen tryggleik, påpeikar Olsen.