Startar arbeidet med reguleringsplan for E134 Bøgrend–Særensgrend
Statens vegvesen skal utarbeida detaljreguleringsplan for E134 på strekninga mellom Bøgrend og Særensgrend i Vinje kommune.
Formålet med planarbeidet er å auka trafikktryggleiken og framkoma på vegen gjennom betra kurvatur og sideterreng.
Last ned:
Planprosess, framdrift og frist for innspel
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 13.03.2023 anten på brev til:
Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller på e-post til
Merk brevet eller e-posten med saksnr. 22/85714.
Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta.
Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag fram mot sommaren 2023. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming. Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av hausten/vinteren 2023.
Ta gjerne kontakt
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn, mobil 930 96 282, e-post: