Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

25. august arrangerer Statens vegvesen verkstad på Stord. Målet er å finne løysingar for å krysse Bømlafjorden mellom Sveio og Stord.

Statens vegvesen har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å utarbeide ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39 kryssing av Bømlafjorden. Arbeidet starta hausten 2021, og er planlagt ferdigstilt innan utgongen av 2023. For å legge til rette for medverkndad, inviterer vi til KVU-verkstad.

Hensikten med verkstaden er å få innspel til:

  • Kva behov dei ulike interessentane i området har - som KVU-en skal svare ut/dekke.
  • Aktuelle løysingar for kryssing av Bømlafjorden mellom Sveio og Stord.

Registrering

Verkstaden er lagt til Stord Hotell, torsdag 25. august kl. 10:00-16:00.

  • Registrering frå kl. 09:30 - kaffe/te og noko å bite i.
  • Statens vegvesen dekker dagpakke under verkstaden, evt overnatting må deltakar sjølv betale.

Følgjande interessentar/interessentgrupper er invitert til verkstaden:

  • Politikarar frå regionalt og kommunalt nivå
  • Næringsliv; både transport-, service- og produksjonsverksemder
  • Viktige interesseorganisasjonar
  • Offentlege myndigheter
  • Transportetatane

Videresend/del gjerne invitasjonen dersom det høver.

Påmelding

Påmelding innan 18. august til , e-post merka med KVU E39 kryssing av Bømlafjorden.

MERK: Statlige etatar, lag, foreiningar og interessegrupper kan stille med inntil to personar. Kommunar og fylkeskommunar kan stille med det antalet dei ynskjer, men det er en fordel at dei er representerte både politisk og administrativt.

Har du spørsmål om verkstaden

Kontakt prosjektleiar Ole-Mathias Nes, e-post: , tlf: 975 02 146

Aktuelt for fylke: Vestland