Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

På referansegruppemøte 28. september presenterte prosjektleiar Ole-Mathias Nes konsepta slik dei no står fram.

Han belyste verknader ved dei ulike konsepta for kostnadar, natur, landskap, kultur og miljø og, sjølvsagt, kor framkommelege og trygge dei ulike løysingane ser ut til å bli.
– Vi fekk gode tilbakemeldingar på det vi presenterte, men og gode spørsmål og kommentarar. Disse skal vi ta opp med våre fagfolk slik at vi kan gje gode svar på neste referansegruppemøte, seier prosjektleiaren.

Tar gjerne imot skriftlege innspel

Han opna for at deltakarane og andre som er interesserte i prosjektet kan sende skriftlege innspel.
– Vi har sett fristen til måndag 9. oktober. Om nokon treng to veker frå dagens møte, kan dei få nokon dagar ekstra om dei ber om det. Send meg ein e-post om du treng tida fram til 12. oktober, seier Nes, som legg til at det framleis står att nokon delar av arbeidet før rapport og tilråding er klar.

Planen for det vidare arbeidet er at KVU-rapporten med Statens vegvesen si tilråding skal vere klar til overlevering til Samferdselsdepartementet innan årsskiftet 2023/24.

Innspel kan de sende innen 9. oktober, til: Ole-Mathias Nes, e-post: ole-mathias.nes@vegvesen.no

Presentasjonen fra referansegruppemøtet 28. september: 

Referansegruppemøte KVU E39 Kryssing av Bømlafjorden 280923.pdf

Aktuelt for fylke: Rogaland, Vestland