Siste innspurt
Konseptvalutgreiinga for E39 Søgne-Ålgård går mot slutten. Samarbeidsgruppa er inviterte til eit nytt møte torsdag 14. april.
- På møtet blir det ein gjennomgang av dei ulike konsepta som har blitt utgreia for E39 Søgne-Ålgård. Vi skal også gå gjennom verknadene eller konsekvensane for konsepta, seier Karl Sandsmark, prosjektleiar for KVU E39 Søgne-Ålgård.
Det faglege fundamentet for forslaget til konsept baserer seg blant anna på innspel frå verkstad og andre møte med samarbeidsgruppa.
Kva konsept ein kjem til å gå for vil ikkje bli tema på møtet. Den endelege tilrådinga til konsept vil få plass i rapporten som sendast Samferdsledepartement i løpet av april månad.
Samferdsledepartementet sender deretter rapporten med tilråding til konsept ut på høyring.
Møte i Samarbeidsgruppa:
Tid: Torsdag 14. april kl. 1230 – 1500
Stad: Hotel Norge, Dronningensgate 5, Kristiansand