Tiltak 16 rv. 5 Naustdalsvegen–fv. 601 Angedalsvegen, gang- og sykkelveg
Tiltak 16, ny gang og sykkelveg frå Naustdalsvegen til Førdehuset, stod ferdig i oktober 2018.
Gang- og sykkelvegen går frå rv. 5 Naustdalsvegen via Elstervegen til fv. 601 (tidlegare fv. 481) Angedalsvegen i området ved Førdehuset. På deler av strekninga går den nye gang- og sykkelvegen på sørsida av Løken fram til Langebruvegen og Helsetunet. Strekninga går i område med lite biltrafikk. Tiltaka gir betre tilkomst til skular, Ytre Øyrane, sentrum og Førdehuset for gåande og syklande.