Tiltak 18 Kyrkjevegen
Tiltak 18 i Førdepakken er Kyrkjevegen - utbetring av køyreveg og nytt fortau, på strekninga frå Angedalsvegen til Hornnesvegen.
Kommunestyret i Sunnfjord kommune vedtok reguleringsplan for Kyrkjevegen aust i oktober 2021. Planen legg til rette for å oppgradere Kyrkjevegen og byggje fortau langs vegen. Planane kan lesast hos Sunnfjord kommune her.
Omtale av tiltaket:
Førdepakken skal bygge fortau langs Kyrkjevegen frå Elstervegen (Førde barneskule), forbi Førde kyrkje til Angedalsvegen. Målet er å legge til rette for gåande og syklande i Kyrkjevegen. For å få ei god løysing med fortau forbi Førde kyrkje, vert det lagt til rette for einvegskøyring på ei lita strekning langs kyrkjemuren.
Fortau på denne strekninga vil gje god framkomst og betre trafikktrygging for alle dei som går og ferdast i området Tiltaket vil sikre god samanheng med det som er bygd i tiltak 16, sykkelveg/fortau frå Førdehuset til rv.5. Det skal leggast til rette for fleire gode kryssingspunkt over Kyrkjevegen.
Strekninga er ca. 870 meter, og tiltaket er kostnadrekna til 57 mill.kr (i 2021-kr). Førdepakken tek sikte på å starte bygging av fortauet mellom Hornnesvegen og Angedalsvegen i 2023.