Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Førdepakken og Sunnfjord kommune inviterer til open kontordag om Kyrkjevegen onsdag 28. oktober.

Det vart varsla oppstart av reguleringsplan våren 2020 for strekninga mellom Angedalsvegen og Elstervegen (Tiltak 18 i Førdepakken). Føremålet er å regulere areal for bygging av fortau.

No er planarbeidet komme lenger og vi har skissert løysingar. Før vi går vidare ynskjer vi å invitere grunneigarar, naboar og andre som er interessert i prosjektet til å komme innom for å få informasjon og utveksle synspunkt på skisserte løysingar.  

 

Vi er å treffe mellom kl. 14.00 og 18.00 i RødeKors-bygget 4.etasje, i Langebruvegen.

 

Velkommen.

 

Om denne dagen ikkje høver –ta kontakt så kan vi avtale anna tidspunkt:

Magna Vangsnes

Tlf. 57 65 58 53  

 

Meir info om planane for Kyrkjevegen her:

https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/fordepakken/delprosjekt/tiltak-18

Slik ser det ut i Kyrkjevegen i dag. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland