Starta innkrevjinga av bompengar
Måndag 3.oktober klokka 00:00 starta innkrevjinga av bompengar i Førdepakken. Bomstasjonane er automatiske og har eit kvitt, grønt og oransje lyssignal.
Dersom du har AutoPASS-avtale får du grønt lyssignal når AutoPASS-brikka blir registrert.
Kvitt lyssignal får du når ny faktura på forskotsavtala /avtaletrekket er undervegs. Har du etterskotsavtale betyr dette at forfallsdatoen for siste faktura er passert.
Dersom du passerar utan brikke eller AutoPASS-brikka ikkje blir registrert får du eit oransje kamerasymbol som betyr at det blir teke bilete av passeringa.
Du kan lese meir om dei ulike lyssignala her: http://www.fordepakken.no/service/#kva-betyr-lyssignala
Betaling med AutoPASS-brikke
Det enklaste og billegaste måten å betale bompengar er med ei AutoPASS-brikke i bilen.
Fordelar med å bruke AutoPASS-brikke:
- AutoPASS-avtale gjev 20 % rabatt for køyretøy t.o.m 3.500kg
- Timesregel (du betalar berre for ei passering per køyretøy per time)
- Månadstak/passeringstak (du betalar for maks 30 passeringar per køyretøy per månad)
- Du kan bruke AutoPASS-brikka i alle andre AutoPASS-anlegg
- Du får 10 % rabatt i fleire andre bomstasjonar
Førdepakken er ikkje utstedar av AutoPASS-brikker. Dersom du ynskjer ei rabattavtale, men ikkje har AutoPASS-brikke frå før, må du teikne AutoPASS-avtale med eit anna bompengeselskap for å få tilsendt brikke. Vi anbefaler at du teiknar avtale med Bergen Bompengeselskap på www.bomringenibergen.no
Ingen rabatt utan brikke
Utan AutoPASS-brikke får du ingen av desse rabattane, og må betale 26 kroner kvar gang du passerar gjennom ein bomstasjon inn mot Førde.
For å få fritak må du ha brikke
Køyrer du EL-bil eller skal ha fritak av andre grunnar? Husk at du likevel må ha avtale og AutoPASS-brikke i bilen.
Les meir om AutoPASS og korleis du teiknar avtale på www.fordepakken.no