Artikkelen er frå 2013, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen anbefaler ei 50/50-fordeling mellom tiltak for miljøvennlig transport og vegutbygging i konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet i Ålesund, som no er sendt til høyring.

- Kombinasjonen mellom miljø- og vegtiltak, saman med fokuset på knutepunkt vil vere eit godt grep for å gi eit godt utbygd kollektivtilbod og sikre ei god byutvikling i Ålesund, seier fungerande regionvegsjef Kjetil Strand i Statens vegvesen.

I alt seks konsept er analysert. På bakgrunn av ein samfunnsøkonomisk analyse og vurdering av måloppnåing har Statens vegvesen anbefalt eit konsept (nemnt som K4 i rapporten) som kombinerer utbygging for miljøvennlige transportmiddel og vegtiltak. Investeringskostnadane på rundt 4 milliardar kroner vert fordelt 50/50 mellom utbygging av miljø- og vegtiltak.

Statens vegvesen anbefaler å starte med utbygging rundt Brosundet og vegane rundt, og betre trafikkavviklinga i sentrum ved bruk av einvegskøyringar og tiltak for å fremje framkomsten for kollektivtrafikk, gåande og syklande. For å få fleire til å nytte miljøvenlege reisemiddel er det foreslått restriktive tiltak. Det gjeld mellom anna avgiftsparkering, einvegskøyringar i sentrum, fjerne gateparkering i delar av sentrum og tidsdifferensiert bomavgift.

KVU-en skal vurdere korleis transportsystemet i Ålesund kan utviklast best mogleg innanfor eit tidsperspektiv på 30 år. Samfunnsmålet i utgreiinga er: I 2045 har Ålesund eit påliteleg og effektivt transportsystem, uavhengig av transportform, med ein høg kollektiv- og sykkelandel samanlikna med byar av same storleik.

Høyringsfristen er 29. november 2013. Den endelege rapporten vil vere det faglege grunnlaget for vidare arbeid med bypakke Ålesund. KVU-rapporten skal samstundes med høyringa og gjennomgå ei ekstern kvalitetssikring (KS1). Det er Regjeringa som, basert på KVU-rapporten, fråsegn til høyringa og KS1-rapporten, avgjer val av konsept som vert lagt grunn for vidare planlegging. Dette skjer forhåpentlegvis våren 2014.

Merknader

Merknadar kan gjelde alt innhaldet i KVU-rapporten. Innspel sendast til: Statens vegvesen, Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde eller pr. e-post  innan 29. november 2013.

Kontakt

Meir informasjon om konseptvalutgreiinga får de ved å ta kontakt med Siv K. Sundgot, e-post: , tlf: 70 17 50 77 eller Sindre Blindheim, e-post: , tlf: 02030

Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal